Fagkokk
Er du ein engasjert og dyktig kokk som ønskjer å jobbe i eit variert og fagleg sterkt miljø?
Kjøkken og kantine i Ålesund har ledig to vikariat i 100 % stilling med arbeid kvar tredje helg! Vikariata har varigheit på 6 mnd med gode muligheiter for vidare arbeid.
Seksjonen har 25 tilsette, der 14 av desse har fagbrev som kokk. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet og brukar hovudsakleg kok-server som produksjonsmetode, der dei fleste produkta blir laga fra grunnen av. Vi tilbyr ein variert kvardag med ulike menyar, catering og rotasjon i arbeidsoppgåver. Produksjonen føregår 365 dagar i året.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm- og kaldmat, catering, diettrettar, baking og dessertar
- Produksjon av spesialdiettar etter ernæringsbehov
- Kok-server og sous-vide-produksjon
- Rullering mellom oppvask, matvertfunksjon, kantinedrift og varehandtering
- Generelt reinhald og oppfølging av hygienekrav
- Varemottak og vareplukking
- Bruk av IKT-verktøy og kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring med spesialdiettar
- Erfaring med kok-server og sous-vide-produksjon
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Bidreg til eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø
- Strukturert og kvalitetsbevisst
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Hilde Karin Lehmann Valde, Seksjonsleiar, hilde.karin.lehmann.valde@helse-mr.no